Ingebjørg Vik Laugaland – Vandrarprest

Kunsten å gå rikare vidare.
Eg er utdanna teolog frå Misjonshøgskolen i Stavanger i 1994, med lengre studieopphald på Makumira i Tanzania og i Tübingen i Tyskland.
Eg er enno glad i faget mitt. Etter embedseksamen, reiste eg til Holden Village Ecumenical Retreat Center i fjellheimen Cascades, WA, USA. Der jobba eg som vaktmeister ein vinter før eg kom heim for å bli ordinert til prest av biskop Bjørn Bue.

Mitt første prestekall var som vikarprest i Den norske kyrkja i Vesterålen, deretter som prest i ELCA, Evangelical Lutherarn Church of America i Eastern Washington Idaho Synod, USA. 7 år seinare starta eg i jobben som barne og ungdomsprest i Hjelmeland, og i fjor var tida kommen for nytt prestekall som sokneprest i Vang i Valdres.

Til våren har eg vore prest i 23 år – og ser det som meinigsfyllt, viktig og samfunnsbyggjande arbeid. ´I am still growing into my hopes and dreams´ svara min 10 år eldre kollega då eg tidleg i preste tenesta på prærien lurte på om han ikkje vart lei kyrkja og alle folka.

Eg er rikt utrusta med både håp og draumar, og eg er oppteken av å gå rikare vidare. Slik vaks konseptet Vandrarpresten fram. Eg har alltid hatt stor glede av å være ute og av å ha konkrete ting å halde på med, det er nok noko av grunnen til at eg mellom anna har breførarkurs, klatrekurs, gjetarhundkurs, brukt og stell av motorsag sertifikat, jegerprøven og skyteprøven dei siste 10 åra, sertifikat på tilhengar på liten lastebil for å nemne nokre.

Nei, eg kjedar meg skjeldan.

 

CV