Me er mange som går tur i landet vårt, Me går på tur saman eller åleine, kort eller langt, i byen, i skogen, til fjells eller langs kysten.
Å være på tur har stor verdi for mange av oss Kva er det med turen som gjer den så viktig, så god? Eg erfarer at netopp det å gå saman, på ski eller til fots, gjer gode ting med tankar og følelsar. Praten og stillheten er begge like kjærkomne i gruppa, og frisk luft ser ut til å ha positiv effekt på både problemstillingar og refleksjonar. Som Vandrarprest har eg hatt glede av å ha med meg mang ein gjest, liten eller stor, ung eller eldre, norsk eller utanlandsk på tur til fots eller på ski.
Vanlege gruppeturar er på 2-8 personar. Dei som vel slike turar bestiller gjerne i lag, og talet på gjester kan aukast, men eg tek ikkje med meg 1 person åleine på Vandrarprest-tur.
Behov og ønske på slike turar kan være alt frå konkrete turmål, ´Kan du ta oss med dit eller dit?` til ´Me vil gjerne snakke om det eller det – kan du ta oss med på ein tur?