Vandrarpresten
  • om meg
  • Produkt
    • Tur med meining
    • Teambulding
    • Vigsel til fjells
    • Foredrag
  • Eigne tekstar
  • Omtale
  • Kontakt

Eigne tekstar

Eg er oppteken av verdiskaping og kommunikasjon og har difor stor glede og nytte av å skrive eigne tekstar. Eg kjenner meg som ein Espen Askeladd som stadig vekk sa: ´Eg fant eg fant´! Her er litt av det eg har funne på min Vandrarprest-veg
  • Ljoset vitjar meg også denne morgonen
    Eg kjenner meg takksam, djupt rørt, audmjuk over å få så stort besøk.
    Ho skin inn på eit kokt egg, ei tomatskive og ein kopp kaffi, og gjer det enkle til ein fest.
    Ho kjem stiltrande over Storådalsbrotet tidleg om morgonen og minner meg om at dagen er her.
    Ho kastar seg over reinsflokken som beiter ved bekken, som i triumf over alt ho vil vise meg.

    Til kvelden legg ho det mjuke teppet sitt stilt over molteblom og klokkelyng.

    Ingen er gløymde av Ljoset.

  • Det går å hoppe på steinane over ein bekk og jamvel over ei elv, men ikkje over eit hav.

  • Avogtil trur eg det kan være lurt å halde litt fast på hjarte sitt.
    Passe på det.
    Vite kor det er iallefall.

Les fleire tekstar her
Vona og tida

VON
Me skal langt tilbake i tid. Så langt tilbake at klokkeslett, veker og år ikkje er betyr noko for handlinga. Forteljinga handlar om tankar som vart til ord og draumar som vart til handlingar. Det var i opphavet det hende. Kaos rådde og tida sto stille.

Midt i dette låg Vona som ei unik og vakker pærle – ikkje i eit skjell , men i eit hjarte. Og hjarte var som skjellet, sterkt på utsida, og trygt på innsida. Vona var difor godt beskytta, men også svært godt gjøymd. Det var uråd å vite at det var sjølve Vona som var gøymd der inne i hjarte. Dette var i opphavet, då kaos rådde og tida sto stille.

Så hende det noko. Tida rørte med eitt på seg, og Kaos rådde ikkje like sjølvsikkert lenger. Vona tok til å vekse jamnt og trutt der inne i hjarte og vart vakrare og vakrare.

ETTERTANKE
Vona var no vakker som våren. Ho hadde vakse seg sterk der inne i hjarte, og ville ut no. Tida var kommen.

Hjarte på si side såg det annleis. Berre ho visste kva skatt og potensiale ho gjøymde på; ikkje så fristande å dele når alt kom til alt. Ho visste meir enn godt kva hard og kynisk verd som rådde der ute. Ingen kom til bry seg det minste om den vesle vakre Vona hennar. Skalet hennar var så hardt som det var, netopp fordi det hadde tålt angrep og gjort jobben: beskytta Vona – perla si.

Nei tida var ikkje kommen, den kunne ikkje vere det! Det ville endre altfor mykje. Kva skulle ho gjere då? Viss ho ikkje skulle beskytte Vona med det harde skalet sitt?

Tida var like fullt kommen. Som ein kjærkommen gjest for Vona, og som stor frykt for hjarte. Så skjedde det: Vona vart menneske og tok bustad mellom oss.

GLEDE
I det Vona viser seg første gongen vart det stor jubel. Ingen hadde sett henne før, og visste difor ikkje heilt kva dei såg! Men alle ana at – dette – var noko å glede seg over.

Vona og Tida var gode vener og hjalp kvarandre med små og store ting. Tida la seg til rette så Vona kunne slå rot of vekse i nye hjerter. Medan Vona trøysta, forklarte og gav mot til dei som såg på Tida som ein fare og trussel.

Tankar vart til ord – gode og velgjerande ord som styrkte og varma den som trong dei. Tida la til rette- litt her og litt der, og snart hadde dei gode orda fått ein sjølvsagd plass mellom alle kvardagane og gjorde det dei skulle, enkelt og liketil: varme.

Draumane folk bar på, men ikkje våga eller visste kva dei skulle gjere med – også dei vart lagde merke til av Vona og Tida. Vona kjende draumane att på lang lei, og sprudla av rein glede. Deretter tok arbeidet til; Tida fekk i oppgåve å gå seint og roleg slik at vona kunne få draumane i tale, og smått om senn var det samla ein heil hærskare av draumar! Alle ville ut i livet! Og på kvar sin måte ære Ordet og skape fred.

LENGT
Dagar og år kom og gjekk. Ein kveld sat Vona og Tida saman under stjernene. Dei såg tilbake på alt dei hadde opplevd og vore gjennom saman. Mang ein draum hadde komme seg ut i livet. Gode ord var like velgjerande og nødvendige no, som den første gongen.

Vona kunne takke og glede seg over mange mange etterkommarar. Små, små voner hadde fått vekse trygt, så bryte ut or skjellet og skine for alle som ser og legg merke til ei ny von i kvardagane.

Sjølvsagt hadde ho også sett mange Voner bli tråkka på og kasta, ja uthengt og gjort til latter. Ho snudde seg til Tida: ‘men du veit, ei von kan berre skadast, aldri utslettast’.

 

 

Blanke ark

Eg er ute tidleg denne klåre haustmorgonen.

Eg er ute utan  børse eller sauehund.

Likevel er eg her for å jakte, for å finne.

Eg har med meg blyant og papir.

Eg vil sjå stilla, høyre ro.

Orda kjem mannsterke. Både store og små.

Somme gamle, andre nye. Framande er det og ein del av.

 

Tonane vil gjerne vere med å forme dagen.

Dei lyse og vakre stiller seg fremst, og dei flotte mørke like bak.

 

Så er det eg ser bildene.

Fargane, lyset og skuggane rører netthinna

og eg kjenner tårer av glede fordi eg kan sjå.

 

Eg legg merke til ein gjest som kom for litt si.

Luktene denne morgonen. Lukta av kaffibålet mitt for eksempel;

Det vekker mange minne og varmar kropp og sjel.

 

Eg frys litt og tullar sauefellen  tettare rundt meg.

Då legg meg merke til fleire stillfarande gjester.

Materialene;  – ull, tre og stein.

Eg kjenner trestaven liggje godt i handa, tek meg føre på berget i det eg reiser meg.

 

Det blanke arket mitt er på langt nær blankt lenger.

Den ubrukte morgonen er blitt dag!

 

 

 

  • Gjerdingvegen 11

    2975 Vang i Valdres

  • ivl@vandrarpresten.no

  • +47 926 53 320

Makalaus Design